Perfekt for gründerar

Unik samlokalisering av verkemiddelapparatet på Campus Sogndal.

Campus Sogndal er ein ypparleg stad å starte for deg som har ein forretningsidé. Her er det fleire aktørar som gir deg god hjelp til å lukkast, som Innovasjon Norge,  Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Gründerlokala FUS i 1.etg i Innovasjonsbygget er spesialtilpassa deg som grûnder, og her kan du bli medlem. Les meir på www.fussfogn.no.

Sogn Næring yter gratis hjelp til bedriftsetablering i Sogndal Kommune. 

    Det er også høve til å søke opptak som inkubator-bedrift hjå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Inkubator er eit verktøy for nyskapande gründerar og bedrifter. Ta kontakt med Kunnskapsparken for meir informasjon om opptakskrav og søknadsprosess. Kunnskapsparken er samlokalisert med Sogn Næring i 2. etg. i Innovasjonsbygget.

    Innovasjon Norge finn du i 2. etg i Innovasjonsbygget.

    Les meir om entreprenørskapsmiljøet på Campus Sogndal:
    · Sogndal: eit lite stykke Silicon Valley
    · Gründerfabrikken Fosshaugane Campus