Campus Sogndal er meir enn ein kontorplass, det er ein livsstil 

Kva finn
du her?

Kontorlokale og fasilitetar

Det du treng for å jobba godt og trivast.

Kunnskapsdeling og samarbeid

Vi knyter saman miljø og menneske på tvers av bransje og fagfelt.

Aktivitet og møteplassar

Campus er meir enn ein arbeidsplass – det er ein møteplass.

Idrettsglede i kvardagen

Fotball, trening og fagmiljø. Her er idrett ein naturleg del av livet!

Bli ein del av Campus Sogndal


Opplev eit levande kunnskapsmiljø der næringsliv, utdanning, idrett og forsking jobbar tett saman. Vi er ein smeltedigel av kompetanse og nettverk!

En stor, lyseblå logo med en s-formet bølge på svart bakgrunn.

Høgskulen forlenger: – Me satsar på Campus Sogndal

Høgskulen på Vestlandet og Fosshaugane AS har forlenga samarbeidsavtalen med ti nye år.

– Dette viser med full tyngd at me satsar på Campus Sogndal.

Slik tolka Helge Skugstad, direktør for økonomi og arealforvaltning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), sin eigen signatur på avtalen med Fosshaugane AS. Den forlenga leigetilhøvet med ti år.

Martin Hammer, dagleg leiar i Fosshaugane AS, er samd.

– Avtalen er like kraftfull og viktig som då han la grunnlaget for campusutviklinga tidleg på 2000-talet, påpeikar han.

Same kraft

Til dei som lurer på om utviklinga på Campus Sogndal har stoppa opp, er bodskapen frå begge partar tydeleg: Her held satsinga fram med same kraft som dei 20 første åra.

Me skal ha fleire studentar på campus.

— Helge Skugstad, direktør for økonomi og arealforvaltning ved HVL

Avtalen, som vart inngått i 2004, legg grunnlaget for studentmiljø, idrett og næringsliv på Campus Sogndal. Skugstad signerte for høgskulen. Hammer, som er i pappapermisjon, hadde alt skrive under for Fosshaugane AS. På sjølve signeringsmøtet i høgskulebygget møtte Ingrid Narum, dagleg leiar i Sogndal Fotball, på vegner av dotterverksemda.

– Denne avtalen er til gjensidig nytte, seier Skugstad og legg til:

– Leigeavtalen legg til rette for eit godt studentmiljø, idrett og sosiale møteplassar, i tillegg til kontor, klasserom og lokale me er heilt avhengige av. Fosshaugane og me utfyller kvarandre. Det gir stor nytteverdi, både for oss og for sogndalssamfunnet.

Helge Skugstad (HVL) på Ete Saman i høgskulebygget på Campus Sogndal.
Helge Skugstad (HVL) på Ete Saman i høgskulebygget på Campus Sogndal.

Hammer supplerer:

– Det er utruleg kjekt og givande å ha ein samarbeidspartnar som høgskulen, som heile tida er framme i skoa i arbeidet med å utvikle campus.

Rusta opp

Avtalen har vorte justert kontinuerleg sidan leigetilhøvet tok til sommaren 2006, då første byggjetrinn på campus stod klart.

– Me har mange leigetakarar, og fleksibilitet er styrken vår, seier Hammer.

– Undervegs har HVL sjølvsagt endra behova sine, og me har gjort dei nødvendige tilpassingane. Men dei store linjene har lege fast.

Skugstad peikar på det same frå HVL si side. I tillegg til å forlengje avtalen med Fosshaugane har høgskulen rusta opp bygg dei leiger av Statsbygg, mellom anna den flotte kafeen Ete Saman, der partane møttest i dag.

Dei store linjene har opna for mange satsingar. For nokre år sidan investerte Fosshaugane 20 millionar kroner, saman med idrettssenteret, i bygg og utstyr. Målet er å gje eit topp tilbod til både studentar og andre.

 

Sogndal veks

Hammer trekkjer òg fram samarbeidet med studentsamskipnaden, særleg knytt til idrettssenteret, og rosar opprustingane til HVL elles.

– Ete Saman er ein kjemperessurs for heile campus.

Satsinga HVL gjer på campus, saman med dei mange initiativa i lokalsamfunnet, er mykje av grunnen til at Sogndal veks.

— Martin Hammer, dagleg leiar i Fosshaugane AS

Skugstad peikar på breidda i satsinga. Leigeavtalen, saman med andre samarbeidsavtalar, dannar grunnlaget for gründerplassar, idrettssenteret, klatreanlegget og annan aktivitet retta mot eit ungt og framtidsretta samfunn.

– Satsinga HVL gjer på campus, saman med dei mange initiativa i lokalsamfunnet, er mykje av grunnen til at Sogndal veks, seier Hammer.

Han viser til SSB sine framskrivingar, som anslår at folketalet i Sogndal kommune vil auke med over 1 700 innbyggjarar dei neste 20 åra. Det er nær 14 prosent, langt over det som er normalt for ein distriktskommune. Også fødselstala i Sogndal underbyggjer biletet. Dei har auka med 26 prosent frå i fjor til i år.

– Me skal ha fleire studentar på campus, seier Skugstad.

– Det er eit felles ansvar, og denne avtalen er ein del av den satsinga.

Helge Skugstad (HVL) og Ingrid Narum (Sogndal Fotball) på Ete Saman i høgskulebygget på Campus Sogndal.
Helge Skugstad (HVL) og Ingrid Narum (Sogndal Fotball) på Ete Saman i høgskulebygget på Campus Sogndal.

 

Kva skjer?