Om Campus Sogndal

Vi er eit levande kunnskapsmiljø der næringsliv, utdanning, idrett og forsking jobbar tett saman. Du finn ei rekke ulike bedrifter, innovasjons- og forskingsmiljø, Høgskulen på Vestlandet, vidaregåande skule og fleire idrettsanlegg.

Ein smeltedigel av kompetanse og nettverk

Campus Sogndal er ein plass du kan kombinere eit profesjonelt arbeidsliv og sosiale fritidsaktivitetar. Her kan du utfolde ideane dine, utfordre deg sjølv og bli inspirert. 

Gjennom å nytte våre kontorlokale og andre fasilitetar, vil du oppleve kunnskapsdeling og samarbeid på tvers av fagmiljø. Her er aktivitetar og sosiale samlingsplassar heile året - og mykje idrettsglede!

Campus Sogndal består av ein gruppe eigarar: Sogndal fotball, Statsbygg/Høgskulen på Vestlandet, Vestland Fylkeskommune og Sogndal kommune.

Gjennom fleire tiår med målretta utvikling har dei forma ein arena der kompetanse og nettverk står i sentrum.

Campus Sogndal si historiske utvikling

Allereie på 1960-talet spelte Sogndal sine fotballag på grasbana på Fosshaugane.

Og tidleg på 2000-talet starta campusområde utviklinga med å forme ein arena for utdanning, idrett og næringsliv.

Sjå tidslinja til Campus Sogndal.

Aktivitetar og møteplassar

På Campus Sogndal er det mange arrangement i løpet av eit år. Vi har nokre faste aktivitetar for alle som har arbedsplass på Campus og ein kalender med kommande arrangement. I tillegg har vi mange uformelle møteplassar.

Sjå meir.

Tre kvinner snakker og koser seg på en utendørs terrasse med fjell i bakgrunnen
To unge kvinner skriver på en svart tavle med kritt, den ene kvinner bruker en turkis tusjpenn.
To personer jobber sammen og skriver på et stort ark med fargepenner i et møterom.

Eigergruppa Campus

Eigargruppa Campus er den strategiske samanslutninga bak utviklinga av Fosshaugane Campus. Gruppa består av Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet/Statsbygg/Saman, Vestland fylkeskommune/Sogndal vidaregåande skule, og Sogndal Fotball AS/Sognahallen AS. Sogn Næring fungerer som sekretariat.

Eigargruppa arbeider for å vidareutvikle Campus som ein nasjonal møteplass for utdanning, idrett, innovasjon og næringsliv. Dei legg vekt på samarbeid på tvers av institusjonar, tilrettelegging for arrangement og møteplassar, og utvikling av nye prosjekt som styrkar både regionen og Campus sitt omdøme.

Gruppa er synleg gjennom årlege handlingsplanar, møte med fagmiljø på Campus, offentlege referat, og konkrete satsingar innan grøne løysingar, infrastruktur, student- og næringslivsaktivitetar. Gjennom si rolle er Eigargruppa ein pådrivar for å halde Fosshaugane Campus relevant og framtidsretta – lokalt, regionalt og nasjonalt.