NTG vurderar Fosshaugane Campus

SER MOT SOGNDAL: NTG snusar på Fosshaugane: – Eg er heilt sikker på at dette blir netto positivt for regionen, seier Martin Hammer, dagleg leiar i Fosshaugane Campus AS. Foto: Mats Birkelund, Sogndal Fotball

Den private toppidrettsskulen var denne veka på synfaring på campus. Skulen vurderer eit vidaregåande tilbod i Sogndal, med mål om oppstart skuleåret 2028/29.

Der kan det bli aktuelt å kopiere det NTG har gjort i Bergen. For få år sidan etablerte dei seg på Brann Stadion. 

Dagleg leiar i Fosshaugane AS, Martin Hammer er heilt sikker på at dette blir netto positivt for regionen.
-Det er ein spesialskule som tilbyr noko anna enn det offentleg skule kan og skal tilby. Det er mogleg å få til gode synergiar mellom skule- og idrettsmiljøet og akademia.

Det vil styrke Sogndal som skulestad, meiner han. Han seier at campus skal vere ein motor for regional utvikling, og at ein slik skule kan styrkje både idrettsprofilen og fagmiljøet mellom idrett og akademia.

Først publisert i Firda 30. oktober 2026. [Les saka i Firda her]


Neste
Neste

Høgskulen forlenger: – Me satsar på Campus Sogndal