Kontorlokale og fasilitetar
Campus Sogndal har det du treng for å jobba godt og trivast: moderne kontorlokale, fleksible møterom og spanande fasilitetar som idrettssenter, læringslab, energilab, Amazing Studio, fotballbane og kantine. Alt samla på éin stad – tett på HVL og Vestlandsforskning.
Kontorlokale
Campus Sogndal har det du treng for å jobba godt og trivast: moderne kontorlokale, fleksible møterom og spanande fasilitetar som idrettssenter, læringslab, energilab, Amazing Studio, fotballbane og kantine. Alt samla på éin stad – tett på HVL og Vestlandsforskning.
FUS Kontorfellesskap
FUS er eit kontorfellesskap for skaparkraft og samarbeid på Campus Sogndal. Her møtest gründerar, småbedrifter og frilansarar for å dele kontorplass, idear og nettverk i eit levande miljø for utvikling. FUS tilbyr både drop-in og faste plassar.
Møterom
På Campus finn du møterom i alle storleikar, tilpassa alt frå digitale møte til kreative workshopar og større samlingar. Romma kan leigast etter behov, og det er mogleg å bestille mat og servering til møta.
Eventrom
Eventromma på Campus passar for generalforsamlingar, årsmøter, større møte, seminar og foredrag. Lokala har god kapasitet, teknisk utstyr og fleksibel møblering, og kan tilpassast ulike behov og oppsett. Mat og servering kan bestillast ved behov.
Trening og aktivitetar
På Campus finn du svært gode tilbod for trening og aktivitet. Her er treningssenter, idrettshallar, klatreveggar, symjehall, squash, frisbeegolf og flotte uteområde.
Mat og drikke
På Campus Sogndal finn du både kaffibar og kantine med eit variert tilbod av mat og drikke. Her får du alt frå kaffi og bakevarer til varme måltid, salatbar og friske lunsjrettar – perfekt for ein pause i kvardagen.
Bilparkering
På Campus finn du parkeringsplassar rundt heile anlegget, i tillegg til fleire parkeringskjellarar under bygga. Her finns tilbod om korttids og langtidsparkering, samt ladestasjonar for elbil
Sykkelparkering
Mange syklar til jobb og studiar i Sogndal, og på Campus finn du godt tilrettelagde sykkelparkeringar med tak og lading for elsyklar. Eit enkelt og miljøvenleg alternativ til bilen!