Bli leigetakar på Campus

La dine tilsette kombinere eit profesjonelt arbeidsliv med sosiale fritidsaktivitetar. Campus Sogndal har rundt 40 bedrifter, 84.000 kvadratmeter og 20 ulike idrettsannlegg - alt i “tøffelavstand”.

Her får du utfolde idear, utfordre deg sjølv og bli inspirert.

Lokalar som er ledige - eller kjem for leige:

Svingenbygget, 2.etasje

Nye og fleksible kontorlokale midt i Campus Sogndal. I Svingenbygget finn du moderne lokale med god standard og fleksible løysingar. Her er det plass til både mindre verksemder og større bedrifter, og lokala kan tilpassast ulike behov og arbeidsmåtar.

Stadionbygget, 3. etasje

Cellekontor sentralt på Campus Sogndal. I 3. etasje i Stadionbygget har vi fleire cellekontor ledige på rekke. Her kan både enkeltpersonar og bedrifter leige eitt eller fleire kontor, ei fleksibel løysing for deg som ønskjer ein fast arbeidsplass eller plass til eit mindre team.

Stadionbygget, 1. etasje

Fleksible kontorlokale med fleire moglegheiter. Lokalet består av eit lyst og ope kontorlandskap, med kjøken og arbeidsplassar. I tillegg ligg eit større nabolokale som kan leigast saman med kontorlandskapet eller separat. Her er det eit større rom og fleire mindre rom som kan nyttast som kontor eller møterom. Ei fleksibel løysing som kan tilpassast både mindre og større verksemder.

Stadionbygget, 1. etasje

Lyst og fleksibelt kontorlokale med fleire rom. Lokalet har tre rom som eignar seg godt som kontor, eit større møterom og eit romsleg fellesareal med mykje dagslys. I tillegg er det eit mindre kjøken i lokalet. Ei god løysing for ei verksemd som ønskjer både eigne arbeidsplassar, møtefasilitetar og gode fellesareal.

Stadionbygget, -1. etasje

Ei heil kontorfløy med stort potensial. På kortsida av Sognahallen ligg ei romsleg kontorfløy med mange separate kontor på rekke, i tillegg til større opne areal. Lokala gir gode moglegheiter for tilpassing og kan passe ei verksemd med behov for mange arbeidsplassar samla på eitt område. Her er det rom for å setje sitt eige preg på lokala, med kort veg til resten av Campus Sogndal og kantina på HVL.

Finn lokalet som passar dykk

På Campus Sogndal har vi kontorlokale i ulike storleikar og utformingar. Nokre er klare til bruk, andre gir moglegheit for tilpassing etter behov. Ta kontakt, så ser vi saman på kva lokale som kan passe for deg eller verksemda di.

Meir om fasilitetane på Campus

Svart-hvitt portrett av en mann med lyst hår, smilende, iført en knapt opprevet skjorte, mot en enkel lys bakgrunn.

Interessert i å leige?

Kontakt Martin Hammar,
Dagleg leiar i Fosshaugane AS,
+47 980 11 626 | martin.hammer@fosshaugane.no

Opplev eit levande kunnskapsmiljø der næringsliv, utdanning, idrett og forsking jobbar tett saman. Vi er ein smeltedigel av kompetanse og nettverk!

Bli ein del av Campus Sogndal.

Svingenbygget, 2.etasje


Nye og fleksible kontorlokale midt i Campus Sogndal.I det nye Svingenbygget finn du moderne kontorlokale med god standard og fleksible løysingar. Her er det moglegheiter både for mindre verksemder som treng nokre få arbeidsplassar, og for større bedrifter med behov for meir plass. Lokala kan tilpassast etter behov.

Som leigetakar blir du ein del av det aktive miljøet på Campus Sogndal, med næringsliv, forsking, utdanning og idrett samla på eitt område. Her har du kort veg til mellom anna kafé, kantine, treningsfasilitetar, møteplassar og andre servicetilbod.

Svingen er eit godt alternativ for verksemder som ønskjer moderne lokale, fleksibilitet og nærleik til eit større fagleg og sosialt miljø.

Interessert i å vite meir?
Ta kontakt med Martin Hammer på martin.hammer@fosshaugane.no for spørsmål om lokale, leige og moglegheiter.