Arrangement

aug.
26.

Haustkickoff

Velkomen til Campus Kickoff!


Tysdag 26. august kl. 15:30 inviterer vi alle som jobbar på Fosshaugane Campus til ein uformell kick-off etter sommarferien.

Vi fyrer opp grillane og spanderer pølser, brød, ketchup og saft. Har du lyst på noko anna på grillen, er du velkomen til å ta med eigen grillmat. Det blir også moglegheit for ein runde volleyball for dei som ønskjer det.

Campus er meir enn bygget me jobbar i. Det er menneska som fyller området med liv, kompetanse og samarbeid. Difor håpar vi du tek turen og er med på å gi haustsesongen ein god start 🌭🏐☀️

Vis arrangement →

Open dag Vestlandsforskning
des.
10.

Open dag Vestlandsforskning

Vestlandsforskning opnar dørane for at alle interesserte kan komme innom og sjå dei nye lokala våre i Svingenbygget! Det blir gløgg, peparkaker og nokre korte foredrag om kva me held på med om dagen. Vel møtt!

Vis arrangement →
Julelunsj og quiz
des.
9.

Julelunsj og quiz

Tysdag 9. desember inviterer Campus Sogndal alle tilsette i bygget til ei koseleg julelunsj. Vi serverer varm graut og saft, og set stemninga med ein liten julequiz der du kan vinne fine premiar.

Velkomen til ei triveleg førjulsstund saman med gode kollegaer.

Påmeldingsfrist 02. desember. Om du har glemt å melde deg på, send en mail til henrik@sognnaring.no

Vis arrangement →
Lunsjsamtale om norgespris
okt.
17.

Lunsjsamtale om norgespris

Ta med nista og bli med å på ein spennande diskusjon om kva Norgespris vil bety for deg og for samfunnet. Vi spør panelet om betydninga av Norgespris for straumsparing, rettferd og den samla straumrekninga. 

Panelet består av Torbjørn Vereide, stortingsrepresentant (Ap), Kåre Hønsi, Regiondirektør i Statkraft Midt-Norge og Tara B. Holm, forskar/ stipendiat ved Vestlandsforsking. Bror K. R. Tandberg (også Vestlandsforsking) leiar samtalen. 

 

Deltaking er gratis, men krev registrering (maks 50 plassar). Meld deg på her: https://forms.office.com/e/uQ9iucrFPE 

Me stiller med kaffi og noko attåt. Sjåast me?

Vis arrangement →