Mat og drikke

Gruppe mennesker som sitter utendørs foran en kafé med skiltet 'saman kaffibar', og de har drikkevarer. Noen snakker og nyter sola.

Saman kaffibar

I første etasje i Innovasjonsbygget finn du Saman Kaffebar, ein levande møteplass med nydelege kaffidrikker, gode lunsjrettar og ferske bakevarer. Her kan du slå deg ned i ein varm og uformell atmosfære, enten du treng ein rask espresso før forelesing eller ein lang latte i godt lag.

Kaffibaren blir driven av Studentsamskipnaden Saman og opna dørene for første gong i januar 2024. Sidan då har dyktige baristaer servert kvalitetskaffi og smårettar til både studentar, tilsette og gjestar.

Lokalet passar også godt til mindre arrangement og frukostmøter og har raskt blitt eit naturleg samlingspunkt på Campus.

Enten du er på veg til forelesing, eit møte eller berre vil ha ein pause i kvardagen, kaffibaren i Innovasjonsbygget er open og klar for deg.

Sjå opningstider her

Interiør av en kafé med mange bord og stoler, en gul vegg med skilt som sier 'Ryddestasjon', og store vinduer som slipper inn naturlig lys.

Høgskulekantina

I Høgskulekantina på Campus Sogndal får du servert både varm lunsj og varm middag kvar einaste dag. Her finn du også salatbar, brødmat, dessertar, pålegg, yoghurt, frukt og drikke, kort sagt alt du forventar av ei god kantine.

På fredagane står det alltid graut på menyen, og onsdagar er det eit populært tilbod med to middagar for 100 kroner.

Kantina har rikeleg med sitjeplassar og passar like godt for ein rask matpause som for lengre samlingar over eit varmt måltid. Her møtest studentar, tilsette og gjestar til gode samtalar og gode måltid, midt i hjartet av Campus.

Du kan sjå vekemenyen her