Aktivitetar og møteplassar
På Campus Sogndal er det mange arrangement i løpet av eit år. Vi har nokre faste aktivitetar for alle som har arbedsplass på Campus, og ein kalender med kommande arrangement. i tillegg har vi mange uformelle møteplassar.
Faste aktivitetar på Campus
Vi ønskjer å bygge samhald og nettverk på tvers av bedriftene som er på Campus, difor har vi etablert to faste aktivitetar som er ope for alle har Campus Sogndal som arbeidsplass.
Lunsj med påfyll
Onsdagar kl. 11.30-12.00
Lunsj med påfyll er for deg som vil ha litt ekstra fagleg eller inspirerande påfyll i lunsjen og møte andre på campus. Vi inviterer gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller til og med drøymen sin med oss.
Ta med deg matpakka og møt opp i 2. etasje i Innovasjonsbygget. Vi serverar kaffi og te - og er du heldig har Henrik fyrt opp sveletakka også.
Her kan du se kommande arrangement.
Tilbakemeldingar eller innspel, kontakt Henrik Skyttermoen: henrik@sognnaring.no.
Functional Fitness workout
Onsdagar kl. 15.45-16.45
Kvar uke kan du bli med på ei god treningsøkt som gir styrke, kondisjon og betre kvardagsform. Functional fitness er ei variert treningsøkt der du brukar heile kroppen gjennom øvingar som styrkar kjernemuskulatur, balanse, koordinasjon og uthald. Økta passar for alle nivå og blir leia av instruktør frå Spenst.
Dette er eit gratistilbod til alle som jobbar på Campus Sogndal.
Arrangement på Campus Sogndal
Med ulike aktørarar, er det også mange ulike arrangement på Campus, alt frå fotballkampar til markeringar - og lunsj med påfyll. Sjå kalenderen under, her har vi prøvd å samle det som skjer.
Veit du om arrangement som burde vere her? Kontakt Henrik Skyttermoen: henrik@sognnaring.no.
Uformelle møteplasser
Møteplassar på Campus
Det er mange sosiale soner og møteplasser rundt på Campus Sogndal. Bruk gjerne Mazemapt til å sjå kvar dei ulike møteplassane er.
Mat og drikke
På Campus Sogndal finn du både kaffibar og kantine med eit variert tilbod av mat og drikke. Her får du alt frå kaffi og bakevarer til varme måltid, salatbar og friske lunsjrettar – perfekt for ein sosial pause i kvardagen.