Campus Sogndal si historie

Allereie på 1960-talet spelte Sogndal sine fotballag på grasbana på Fosshaugane. Og tidleg på 2000-talet starta campusområdet utviklinga med å forme ein arena for utdanning, idrett og næringsliv.

I 2025 teller vi over 1000 arbeidsplassar, over 4000 elevar, 84.000 kvadratmeter og 20 idrettsanlegg!

1800-talet: Frå jordbruk til møteplass

Fosshaugane har røter langt tilbake. På 1800-talet var området dominert av jordbruk og småskala industri. Garden Rutlin låg sentralt, og her fanst både frukthagar, beitemark og ein mølle langs Fosselva. På den tida låg Fosshaugane i utkanten av Sogndalsfjøra, og fungerte som eit ope og grønt landskap mellom bygda og naturen.

Landskap med små hus, åkrer og skog på åsrygger

1900-talet: Marknadsdagar og friluftsliv

På 1930 og 40-talet vart Fosshaugane brukt til sosiale samlingar, søndagsturar og lokale marknadsdagar. Området var ope og lett tilgjengeleg, og fungerte som ein uformell møteplass for bygdefolket.

En svart-hvitt fotografi av en liten by ved vannkanten omgitt av fjell med snø på toppene.

1950-talet: Skøyteis og speidarleir

I 1957 vart det arrangert skøyteløp på Fosshaugane, med både lokale og nasjonale utøvarar. Året etter, i 1958, vart det halde ein stor nasjonal speidarleir med teltleir på marka og overnatting på Hyllsete.

Personer som skøyter på en snødekt innsjø med fjell i bakgrunnen, i svart-hvitt.

1960-talet: Fotballen tek form

Allereie på 1960-talet spelte Sogndal sine fotballag på grasbana på Fosshaugane. Bana var enkel og omgitt av bjørkeskog, men fungerte som ein viktig samlingsstad for lokalsamfunnet.

Black and white foto av et guttelag i fotballposisjon på en utendørs fotballbane, med noen spillere stående og noen kneende foran, og fotballer foran. Bakgrunnen har trær og et mål.

1960-talet: Skule og idrett

I 1963 opna Sogndal Gymnas, og Fosshaugane fekk si første store utdanningssatsing. Utover 60 og 70-talet kom det fleire bygg for yrkesfag og handelsskule. I 1969 stod idrettshallen ferdig, og området fekk moderne fasilitetar for både undervisning og innandørsidrett. Dette styrka samanhengen mellom skule og idrett, og la grunnlaget for vidare utvikling av området som lærings og aktivitetsarena.

Sort-hvitt bilde av en bygning med utendørs arkade foran, åser i bakgrunnen, og en parkeringsplass foran bygningen.

1977: Besøk fra Tottenham

I 1977 spelte Sogndal treningskamp mot det engelske storlaget Tottenham Hotspur. Kampen samla over 6000 tilskodarar og sette Fosshaugane på det nasjonale fotballkartet.

Fotballspillerne står i rekke på en grasplen foran en stor folkemengde, med trær og boliger i bakgrunnen ved skogkledd åsside.

1981: Opprykk til toppdivisjonen

I 1981 rykka Sogndal opp til 1. divisjon etter ein avgjerande siger over Mo. Det markerte starten på fleire tiår med toppfotball i bygda og la grunnlaget for vidare utvikling av stadion og anlegg.

En fotballspiller i løpeposisjon, iført fotballdrakt med Pepsi-logo, i en avisannonse for en fotballkamp i Sogndal den 27. september kl. 14:00.

1980-talet: Ny stadion på Kvåle

På 1980-talet vart Kvåle stadion bygd som ny utandørs idrettsarena, og skulebygga på Fosshaugane fekk fleire oppgraderingar. Idrett og utdanning utvikla seg hand i hand.

Gruppe på seks personer står i snøen med fjell og bygninger i bakgrunnen, noen med jakker, i et landskap som ser ut til å ha vært preget av jordras eller naturkatastrofe.

1998: Opning av Sognahallen

I 1998 opna Sognahallen, ein stor fleirbrukshall med full 11-ar fotballbane med kunstgras. Hallen vart eit løft for både toppidrett og breiddeidrett, og gjorde Fosshaugane til ein heilårsarena.

2006: Fosshaugane Campus opnar

Den 7. juli 2006 vart Fosshaugane Campus offisielt opna med kamp mellom Sogndal og Bryne. Stadion hadde då fått nye tribunar og moderne fasilitetar, og campusområdet samla utdanning, idrett og næring.

2017: Innovasjonsbygget

I haust 2017 vart Innovasjonsbygget på ca. 2000 m² opna på Campus Sogndal. Her finst gründerkontor, verkemiddelorgan, innovasjonsmiljø og møteplassar for etablerarar. Ein del av satsinga for samspel mellom utdanning og næringsliv.

Et fotballstadion under oppussing, omgitt av grønne åser og bolighus, med byggematerialer og arbeidere i forkant.
På bildet er et bygg under konstruksjon, med en arkitektonisk strukturell ramme, omgitt av fjell og en elv i forgrunnen, og flere kjøretøy og bygninger i bakgrunnen.
Luftfoto av en stor, buet idrettshall med fotballbane foran, omgitt av boligområder og trær.

2001: Starten på campusutviklinga

I 2001 vart arbeidet med å utvikle Fosshaugane til eit samla campusområde sett i gang. Namnet Fosshaugane Campus vart vedteke i 2003, og bygginga starta året etter.

Aerial view av en fotballstadion omgitt av bygninger, parkeringsplasser og grøntområder.
På en byggeplass er det flere arbeidere i hjelm og refleksvester som jobber med konstruksjon av en bygning. Det er bygningsmaterialer, treverk og stål rundt området.

2012: Høgskulebygget og vidaregåande side om side

I 2011 stod fylkestribuna og vidaregåandebygget ferdig. I 2012 opna høgskulebygget, eit moderne anlegg frå Statsbygg for Høgskulen på Vestlandet med bibliotek, auditorier og studenttorg.

Byggearbeid med rørkonstruksjon og kraner på en byggeplass.

2025: Svingenbygget

Arbeidet med det nye Svingenbygget starta i 2023, og prosjektet omfattar ei ombygging/påbygging ved sidesida av stadion. Bygget får fire etasjar, og vert heimstad for verksemder som Vestlandsforsking og Norconsult, samt fellesfunksjonar og auditorier for idrett og innovasjon. Prosjektet skal vere ferdig hausten 2025.

Campus Sogndal i dag

Aerial view av en by med stadion, elv, boliger og skog i Norge.

Bildegalleri

Ein samling bilde frå facebooka gruppa Sogn før år 2000. Klikk på bilde for å sjå dei i full størrelse.