Bygging av ny idrettshall på vestsida av SognAhallen
Informasjon til brukarar av Campus Sogndal - Fosshaugane
Parkering
Parkeringsplassane på Ingafossen og ved Kvåle Stadion vil vere opne. Det vil også parkeringskjellarane på nordsida av Fosshaugane (under vidaregåande) og på Lines. Desse vil få ny midlertidig tilkomstveg i byggeperioden (sjå kart). Parkeringsplassane der hallen vert plassert vert naturlegvis stengde, men på nedsida av Sognahallen vil det framleis vere parkeringsplassar.
Gåande
Vegen og fortauet frå Ingafossen og vegen på nedsida av Sognahallen (mot elva) vert stengt for gåande. Stengt for gåande vil også ny midlertidig køyreveg til parkeringshusa vere. Vi ber difor gåande om å gå frå Ingafossen via Lunnamyri til inngang ved Idrettssenteret og innadørs gate mellom stadionbygg og Sognahallen og vidare til Fossbygget, og motsatt veg (sjå stipla line merka 3 på kartet).
Plassering
Hallen vert plassert vegg-i-vegg med Sognahallen på kortsida der parkeringsplassane er i dag. Når hallen er ferdig vil parkeringsplassane bli tilgjengelege, under den nye hallen.
Brann
Maks personar i Sognahallen er i anleggsperioden sett til 1000 grunna redusert rømmingsveg. Elles må alle som har oppmøteplass på vestsida av Sognahallen ved brann orientere seg om kvar alternative oppmøteplassar er.
Datoar
Ferdigstilling vil vere ca 1.februar 2021.
Innhald
Det nye anlegget vil romme ein ny idrettshall (25x45 meter) med galleri (tribune), tre nye klatrehallar, lager, 4 lagsgarderobar og 2 dommar/lærar- garderobar. Det vil kome eit nytt inngasparti med heis og hallen vil bli kopla med innandørs gangveg til Idrettsenteret og mot tribunen i Sognahallen.
Vi vil på førehand takke alle brukarane på Fosshaugane for at de har respekt og forståing for dei endringane vi må gjere i byggeperioden.
Har de spørsmål eller innspel kontakt prosjektleiar Yngve Hallén på mail yh@evospor.no
(1) Anleggsområde. Ikkje tilgjenge. (2) Køyring til P-hus (mellombels veg). (3) Gå-løype mellom Fossbygget (nedsida av Sognahallen) og Ingafossen (stipla burgunder line). Veg på nedsida av hallen og fortau ned til Sognahallen frå Ingafossen vert stengt for gåande. (4) Veg til varemottak Røyrgata 4 og 6.