39% vekst i tal tilsette på Campus Sogndal
Sogn Næring har samla inn tal frå verksemder som held til på Campus Sogndal.
Ser vi samla for heile området vi kallar Campus Sogndal - inkludert Kvåle skule - var det i 2010 ca. 700 tilsette.
Pr. juni 2019 er dette talet auka til heile 975 tilsette.
Det har altså i perioden 2010 til 2019 vore ein svært hyggeleg vekst på rundt 270 arbeidsplassar. Det tilsvarar ein vekst på 39% i tal tilsette.
Ser vi på tal årsverk er veksten på 44%.
+ 39%
Vekst i tal tilsette på Campus frå 2010 til 2019
+44%
Vekst i tal årsverk på Campus frå 2010 til 2019
Bedrifter på Campus
Oppteljinga syner at det er 50 verksemder som i dag held til på Campus Sogndal.
17 av desse har berre ein tilsett, og mange av dei finn du i kontorfellesskapet FUS Sogn. Dette er oppstartsbedrifter som får oppfølgjing frå Sogn Næring eller Kunnskapsparken Sogn og Fjordane - og som vi alle håper skal få suksess og vekse seg større!
9 verksemder har fleire enn 16 tilsette der Høgskulen på Vestlandet er den største med 350 tilsette, medan vidaregåande har drygt halvparten.
Litt om talmaterialet
Sogn Næring etterspurde tal på tilsette/årsverk frå alle aktørane på Campus Sogndal. Frå dei få som ikkje har svart, er det estimert eit tal.
Tala er henta inn juni 2019.