Campus har fått ein digital leikeplass!
I stadionbygget har det no opna ein læringslab i regi av Høgskulen På Vestlandet. Læringslabben er eit tiltak retta mot studentar, elevar og eksterne aktørar, målet er å auke den digitale kompetansen. Det er likevel rom for å teste og leike seg med utstyret, ein kan til og med låne med seg utstyret heim.
Læringslabben har mellom anna desse fantastiske tilbud:
3D-printing
Koding og programmering
VR/360
Videoproduksjon
Podkast
Streaming
Droneflyging
Adobepakkar
I tillegg til at ein kan testa og bruke masse teknologi som før har vært utilgjengeleg, tilbyr og læringslaben ein rekke tenester utover dette:
Kurs og opplæring
Edagogisk og teknologisk rådgjeving
Støtte og tilrettelegging for brukarane sine eigne aktivitetar
Utlån av produksjonsutstyr og klassesett til bruk i undervisning