No tek Svingen form – nytt signalbygg på Campus

Arbeidet med nye Svingenbygget på Campus er for alvor i gang, og det går unna. Når bygget står ferdig hausten 2025, vil det romme moderne kontorlokale for mellom anna Norconsult og Vestlandsforsking og bli eit nytt signalbygg i Sogndal.

Utviklinga av Campus er viktig for å skape vekst og nye arbeidsplassar i heile regionen. Me gjer dette for at fleire skal kunne utvikle seg, både på og rundt Fosshaugane, seier prosjektleiar Yngve Hallén, som har vore sentral i arbeidet saman med styret i Sogndal Fotball. Svingenbygget ligg på kortsida av stadion mot Sogndalsfjøra. Her skal det gamle bygget fornyast og utvidast. Andreetasjen blir riven, og det blir reist tre nye etasjar i massivtre oppå den gamle førsteetasjen. Til saman får bygget fire etasjar med kontor, sosiale soner og fellestenester for både næringsliv og idrett.

Bygget får ein sterk miljøprofil, med oppvarming frå fjorden, solceller på taket og bruk av tre for å redusere klimafotavtrykket. Å vidareføre den gamle førsteetasjen sparar også store mengder betong. Me har lagt vekt på å byggje framtidsretta og berekraftig, og det har gjort det lettare å få på plass finansiering. Sparebanken Vest har vore ein viktig medspelar, fortel Hallén.

I førsteetasje kjem det nye garderobeanlegg og fasilitetar for idretten. Norconsult flyttar inn i tredje, og Vestlandsforsking får heile fjerde etasje. Andre etasje blir eit fleksibelt kontorfellesskap for småbedrifter, eit tilbod det allereie er stor interesse for. Prosjektet har ei totalramme på over 100 millionar kroner og blir leia av Fosshaugane AS. Etter planen skal bygget vere klart for innflytting i september 2025.

Det er inspirerande å sjå at utviklinga held fram, sjølv i krevjande tider. Svingenbygget er eit viktig steg vidare for Campus og for framtida til Sogndal som kunnskaps og næringshub, avsluttar Hallén.

Neste
Neste

Campus har fått ein digital leikeplass!